Fekk napp i Litauen

Fekk napp i Litauen

Fekk napp i Litauen

Byåsen videregående skole i Trondheim la ut temaet Art of Learning i Nordplus Rammeprogram sin database for partnersøk, i håp om at ein skule i eit anna land ville samarbeide med dei. Etter ei tid fekk dei napp, og klasse 1ST1 vart vald ut til Nordplus Junior-prosjektet.

Litauarar vart nyfikne
–Litauarane fann profilen vår på Nordplus sine nettsider. Det seier prosjektleiar og fagleiar ved Byåsen videregående skole, Espen Viken. Lærar Rita Bagdanaite og skulepsykolog Gitana Kaupiene i byen Kedainiai i Litauen tykte temaet høyrdes spanande ut for elevane sine, og med det var grunnlaget lagt.

–Det handla om å lære
Prosjektet gjekk ut på å leggje til rette for læring, og å sjå på og læra av skilnadane mellom skulesystema og undervisningsmetodane i dei ulike landa. Medan ein til dømes i Noreg har ei nettside for kvar skulebok, og bruken av PowerPoint dominerer meir og meir, er det i Litauen større bruk av tavleundervisning og meir tradisjonelle undervisningsmetodar. Ein annan viktig skilnad er at i Noreg har elevane ansvar for eiga læring, medan elevane i Litauen i større grad er bundne til lærarane.

Skilnad mellom elevkulturane
–Elevane er stort sett dei same i dei to landa, men det er stor skilnad på elevkulturen, seier Viken. I Litauen har elevane større grad av disiplin, og dei legg meir innsats i skulearbeidet enn det norske elevar gjer. På den andre sida er norske elevar meir sjølvstendige og villige til å gå eigne vegar. I byrjinga hadde venene frå Kedainiai inntrykk av at norske elevar var late og tiltakslause, men dette inntrykket endra seg då dei vart betre kjende med arbeidsmetodane i den norske skulen.

Viken forklarar vidare at medan nordmenn er meir opptekne av å ta i bruk dei mest eigna ressursane og framgangsmåtane ved problemløysing, følgjer litauarane oppgåvene meir bokstavleg, og er meir målretta.

Byggjing av varige relasjonar
Det mest positive med utvekslinga var ifølge Viken opplevinga av kontakt mellom menneske. Relasjonar vart danna elevane imellom, mellom elev og lærar og mellom elev og vertsfamilie.

–Elevane våre har lært mykje om det å ta i mot framande, og eg har sett ei haldningsendring hjå dei, held han fram. Han seier også at det er fleire elevar som held kontakten oppe, og nokre var også på vitjing i Litauen i sommarferien.

Freistar til gjentaking
I tillegg til personleg utvikling, har Nordplus-prosjektet ført til ei bevisstgjering både hjå elev og lærar om kva for læringsmetodar og materiell som er dei mest effektive i ulike undervisningssituasjonar. Byåsen videregående skole er veldig interessert i å gjenta suksessen.
–Prosjektet har vore vellukka, og sjølv om det i dag ikkje er konkrete planar for gjentaking mellom dei to skulane, så er begge partar opne for vidare samarbeid, avslutter Espen Viken.

Tekst: Gunnstein Husa/SIU
Foto: Zilvinas Mencikovas

Nettstedet er utviklet og administrert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) på vegne av Nordisk Ministerråd
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim/SIU | Copyright (c) 2007 Nordisk Ministerråd
Kontaktinformasjon | Copyright-varsel | Om nettstedet

Login